top of page

I Keiser Wilhelms fotspor

Fullbooket
Stalheim Hotell.jpg
Fullbooket

Keisar Wilhelm sine reiser til Noreg på slutten av 1800-talet og fram til utbrotet av 1. verdskrigen er velkjende. Den legendariske tyske Keisaren, ein sann noregsvenn, tilbrakte dei fleste somrane her i landet over fleire tiår, stort sett utan unntak. Med si imponerande flåte segla han til Noreg og heldt til i dei norske fjordane og bygdane over lengre tidsrom. På denne turen vil me følgje i keisar Wilhelms fotspor, besøke dei stadene der han tilbrakte så mykje tid og lytte til historiene frå keisarens reiser.

 

Me startar med avreise frå Bergen til Odda. Keisaren tilbrakte mange dagar her under opphaldet sitt og hadde fleire utflukter. Me skal besøke nokre av stadene der han heldt til og dele historier frå desse. Me overnattar i same området.

 

I dag kjøyrer me mot Ullensvang, Ulvik og Voss, og kjem til det velkjende Stalheim Hotell. Dette er det einaste hotellet keisar Wilhelm overnatta på under sine reiser i Noreg. Me skal oppleve den same naturen som han vart så fasinert av, og bevege oss bokstaveleg talt på historisk grunn.

 

Etter ein god frukost på Stalheim, startar me vår tur ned i dalen til Gudvangen. Herifrå tek me båt til Flåm og opplever fjorden, på same måte som keisaren gjorde frå skipa sine. I Flåm møter bussen oss att og tek oss til Lærdalsøyri, vidare ut til Valestrand, der me skal bu på Kvikne hotell denne natta. Det var i denne bygda keisaren var då han fekk beskjed om at 1. Verdskrigen brøyt ut. Han besøkte for øvrig Balestrand svært ofte, og også her skal me få innsyn i keisarens opplevingar.

 

Etter ein god frokost tar bussen oss attende til Bergen, og me har hatt ein flott tur fylt med kultur, historie og keisarlege opplevingar som har stått i kø.

 

 

Avreisedato fra Bergen:

28 mai / 4 dager

 

Pris fra: 7999,-

 

 

  • 3 netter på hotell

  • 3 frokoster

  • 3 middager

  • Omvisning på Stalheim hotell

  • Båtcruise på Nærøyfjorden

  • Ferger og bompenger

  • Reiseleder og Sjåfør fra RunWay

  • Busstur med alle opplevelser beskrevet i programmet.

bottom of page