top of page

Perler på Sunnmøre

Ona.jpg

Me bur i eit vakkert land. På denne turen skal me verkeleg besøke noko av det vakraste som finst i Noreg. Sunnmøre, med sine høge alpefjell, som strekker seg til himmels, og dei djupe fjordane som skjærer seg inn i landskapet frå det store havet. Her i desse fjordane og bygdene har enkelte funne heimane sine. I bratte lier og fjellhyller, på aude nes og i botnen av dei lengste fjordane. Andre på nakne holmer og skjær. Det er i dette landskapet me i desse dagane skal bevege oss for å finne perlene på Sunnmøre.

 

Me startar frå Haugesund tidleg om morgonen og køyrer mot Bergen etter eit kort stopp. Deretter set me kursen nordover mot Sognefjorden, som me krysser mellom Oppedal og Lavik. Turen går vidare til Sunnfjord og Førde, der me tek oss ein pause for lunsj. Deretter køyrer me mot vakre Jølster og langs Jølstervatnet før me kjem til Nordfjord og inn til vakre Sunnmøre, som er hovudmålet for turen. Middagen på hotellet ventar når me kjem fram.

 

Etter ein god sunnmørsfrukost, skal me i dag utforske den sagnomsuste Hjørundfjorden, kåra som ein av Noregs vakraste fjorder. Langs denne fjorden finst framleis veglause gardar og grender, bebodde område i motsetnad til nabofjorden Storfjorden, der alle no er fraflytta. Me skal køyre Hjørundfjorden på vestsida, høyre om livet langs fjorden på desse veglause og rassutsatte gardane og grendene. Me tek båt frå Standal til Trandal, der me besøker den kjende Christiangaard, ein stad kjent frå NRK-programmet «Der ungen skulle tru at nokon kunne bu». Her nyter me ein god lunsj før båten tek oss attende til Standal. Derifrå køyrer me tilbake til hotellet for middag om kvelden.

 

Neste dag set me oss i bussen og køyrer til Ulsteinvik. Etter ein kort omvisning køyrer me over øya til ferja i Hareid kryssar Storfjorden til Sulesund, og fortset mot dagens høgdepunkt, øya Ona. På veg dit passerer me Sunnmørsøyane som perler på ei snor; Lepsøya, Haramsøya, Skuløya, Fjørtoft, Harøy, Finnøy og Sandøy.

 

Frå Finnøy tek me ferja over til Ona, ei øy som ligg verutsatt og vakkert til heilt ute i havet, kjent for sitt fyr. Me har god tid til å utforske øya og nyte ein fin lunsj. På ettermiddagen tek båten oss attende, og me køyrer med bussen til hotellet vårt for kvelden i sunnmørshovudstaden, Ålesund.

 

Me nyter ein god frukost på hotellet før me set kursen mot dei indre delane av Sunnmøre. Me køyrer mot Sjøholt og Linge, der ferja over den indre delen av Storfjorden tek oss. Frå Eidsdal går tuen over mot Geiranger, og me køyrer ned Ørnessvingane. Me gjer eit passande stopp i Geiranger før turen går vidare. Ved godt ver, tek me også turen innom Dalsnibba, som strekkjer seg 1300 meter frå havet, og byr på ei vakker og vid utsikt over området.

 

Me køyrer vidare sørover mot Sogn og kjem fram til Bergen om kveldinga. Turen er slutt for dei fleste, og me vonar at det har vore ein tur full av spektakulære opplevingar, rike på kultur og glede.

 

Våre gjester frå Stord og Haugesund får ein overnatting på hotell i Bergen før reisen går vidare.

 

 Avreise: 24. Juli 2024

  • 3 netter på hotell

  • 3 frokoster

  • 3 middager

  • 2 luncher

  •  Guidet tur lang Hjørundfjorden

  • Båttur til Ona

  • Reiseleder og Sjåfør fra RunWay

  • Busstur med alle opplevelser beskrevet i programmet.

bottom of page