Haustdagar i Sogn

På denne turen skal me vitje indre delar av Sogn, og bygder ein vanlegvis ikkje kjem til. Her blir det god mat og drikke, og flotte historier og opplevingar som berre må opplevast.
Etter å ha henta våre reiselystne gjester på dei avtalte terminalane, set me i dag kursen utover mot Nordhordland. Me køyrer langs Osterfjorden, over til Masfjorden og når Sognefjorden ved Brekke. På Oppedal ligg ferja klar til å ta oss med på denne turen over til Lavik. Me køyrer vidare oppover mot Sande, og tek av for å køyre over vakre Gaularfjellet. Denne vegen, som berre er open om sommaren, fører oss inn i spektakulær natur, med fleire flotte utkikkspunkt. Me kjem ned til fjorden igjen, og kryssar over mot Hella, før me køyrer inn til Hafslo. På vegen passerer me fruktbygdene Leikanger og Sogndal. Vel framme på Hafslo skal me overnatte på hotellet i bygda. Familiedrive gjennom generasjonar, med det vidgjetne kjøkenet, skal me kose oss her i kveld. Middagen blir sjølvsagt servert her.
Etter ein nydeleg frukost på hotellet, skal me køyre ned til Solvorn. Denne vakre bygda huser eit av landets eldste hotell. Me skal ta ferja over til Ornes. Her skal me vitje ei av landets mest populære stavkyrkjer, før me køyrer innover langs fjorden til Skjolden. I dag skal me ha felles lunsj på hotellet her i Skjolden. Frå Skjolden skal me køyre tilbake på den andre sida av den kjende Lustrafjorden, til Hafslo. Før me køyrer vidare til den vakre, men innestengde bygda Veitastrand. Her bur det ikkje mange menneske, men bygda er vidgjeten for sin geitostproduksjon. Sjølvsagt får me høve til å kjøpe dette. Vel tilbake på hotellet vårt i Hafslo, nyt me framleis godt av det hyggelege vertskapet på hotellet, og ein ny middag ventar på oss. Me kosar oss denne siste kvelden i hotellets lune salongar, og hotellsjefen vil sjølv gje ei orientering om hotellets historie.
Me nyt endå ein god frukost på hotellet, før me pakkar i bussen og startar på heimvegen. I dag skal me krysse over Sognefjorden lengst inne, og kjem etter kvart til Lærdalsøyri. Her skal me gå ein fin tur gjennom dei tronge gatene i bygda, og sjå på trehusbusetnaden som er vel bevart her. Me held fram vidare mot Aurland og Flåm, og til Stalheim hotell. Her skal me ha ein kaffipause, og nyte den vakre utsikta over Nærøydalen. Me held fram vidare mot Bergen, der me er framme på ettermiddagen, etter ei reise med kultur, glede og opplevingar.
Pris: 5 990,-
Avreisedato: 01. September / 3 dagar
Grunnprisen inkluderer:
- Reise i moderne turbuss frå RunWay
- Sjåfør og reiseleiar frå RunWay
- To netter på Hafslo hotell
- To middagar
- To frukostar
- Ein lunsj
- Opplevingar som nemnt i programmet
Dag 1: Sogn
Etter å ha henta våre reiselystne gjester på dei avtalte terminalane, set me i dag kursen utover mot Nordhordland. Me køyrer langs Osterfjorden, over til Masfjorden og når Sognefjorden ved Brekke. På Oppedal ligg ferja klar til å ta oss med på denne turen over til Lavik. Me køyrer vidare oppover mot Sande, og tek av for å køyre over vakre Gaularfjellet. Denne vegen, som berre er open om sommaren, fører oss inn i spektakulær natur, med fleire flotte utkikkspunkt. Me kjem ned til fjorden igjen, og kryssar over mot Hella, før me køyrer inn til Hafslo. På vegen passerer me fruktbygdene Leikanger og Sogndal. Vel framme på Hafslo skal me overnatte på hotellet i bygda. Familiedrive gjennom generasjonar, med det vidgjetne kjøkenet, skal me kose oss her i kveld. Middagen blir sjølvsagt servert her.

Dag 2: Utflukt i Sogn
Etter ein nydeleg frukost på hotellet, skal me køyre ned til Solvorn. Denne vakre bygda huser eit av landets eldste hotell. Me skal ta ferja over til Ornes. Her skal me vitje ei av landets mest populære stavkyrkjer, før me køyrer innover langs fjorden til Skjolden. I dag skal me ha felles lunsj på hotellet her i Skjolden. Frå Skjolden skal me køyre tilbake på den andre sida av den kjende Lustrafjorden, til Hafslo. Før me køyrer vidare til den vakre, men innestengde bygda Veitastrand. Her bur det ikkje mange menneske, men bygda er vidgjeten for sin geitostproduksjon. Sjølvsagt får me høve til å kjøpe dette. Vel tilbake på hotellet vårt i Hafslo, nyt me framleis godt av det hyggelege vertskapet på hotellet, og ein ny middag ventar på oss. Me kosar oss denne siste kvelden i hotellets lune salongar, og hotellsjefen vil sjølv gje ei orientering om hotellets historie.

Dag 3: Indre Sogn
Me nyt endå ein god frukost på hotellet, før me pakkar i bussen og startar på heimvegen. I dag skal me krysse over Sognefjorden lengst inne, og kjem etter kvart til Lærdalsøyri. Her skal me gå ein fin tur gjennom dei tronge gatene i bygda, og sjå på trehusbusetnaden som er vel bevart her. Me held fram vidare mot Aurland og Flåm, og til Stalheim hotell. Her skal me ha ein kaffipause, og nyte den vakre utsikta over Nærøydalen. Me held fram vidare mot Bergen, der me er framme på ettermiddagen, etter ei reise med kultur, glede og opplevingar.

| Sted | På- og avstigning | Avreisedato | Hjemreise |
|---|---|---|---|
| Haugesund Bussterminal | 06:30 | ||
| Leirvik Snøggbåtterminal | 07:15 | ||
| Sandvikvåg Fergekai | 07:55 | ||
| Halhjem Fergekai | 08:45 | ||
| Osøyro Terminal | 08:55 | ||
| Loddefjord Terminal | 09:15 | ||
| Bergen Busstasjon | Perrong P | 09:30 | |
| Åsane Terminal | Perrong G | 09:45 | |
| Knarvik Bussterminal Nord | Retning Ostereidet | 10:00 |
Rumsval
DobbeltromPris: 0,-
EnkeltromPris: 1 400,-
| Utgående | Avreisested | Reisemål | Ledige plasser | Fra pris | |
|---|---|---|---|---|---|
| 1/9 | Bus | Haustdagar i Sogn | Mer enn 8 | 5 990,- | Bestill |

