top of page

Kultur og opplevingar på Osterøy

Osterøy gård.webp

Denne vakre vårdagen ynskjer me å invitere dykk med på ei reise rundt ei av perlene i vårt eige distrikt – den storslagne Osterøy.

 

Me skal utforske denne store innlandsøya, både gjennom historia og slik ho er i dag. Dette er ei oppleving du ikkje vil gå glipp av!

 

RunWay-bussen står klar til å ta dykk med på eventyr. Me hentar gjestene våre og set kursen mot Nordhordland. Målet er Osterøy, der me skal oppleve alt frå kulturhistorie og industrihistorie til lokale matopplevingar. Turen startar med eit besøk på Osterøy museum. Her får vi ei grundig omvising og lærer om øya si spennande historie, alt medan vi nyt vår første smaksoppleving for dagen.

 

Deretter går turen vidare rundt på øya, der me vitjar fleire bygder og bygdelag. På programmet står eit stopp hos gartneriet på Hosanger og eit besøk til Norlender ulvarefabrikk, der me får sjå tradisjonelt handverk i praksis. Neste stopp er Tysse mølle, der mølleindustri har vore ein viktig del av lokalsamfunnet i generasjonar.

 

Turen avsluttast med ein god lunsj på Kleiveland gard. Her får me servert kortreist og tradisjonsrik mat – ekte smakar frå Osterøy. Me gler oss til å dele denne opplevinga med dykk og vise fram denne vakre perla, rett utanfor vår eiga stovedør.

 

Avreisedato fra Bergen: 13. mai 2025/1 dag

Grunnprisen inkluderer:

• Busstur med RunWay, som beskrevet

 • Inngang på Osterøy museum

• Besøk hos Norlender ulvarefabrikk

• Besøk til gartneriet

• Besøk og omvising på Tysse mølle

• Gardsmiddag på Kleiveland gard

bottom of page