top of page

Bjørn West og Stordalen

BW.jpg

Dagstur til Bjørn West og Stordalen

 

I dag skal me ut på ein fin hausttur i vårt lokale område. Bjørn West og innsatsen deira på slutten av andre verdskrigen er godt kjent i våre trakter. Gutane i Bjørn West holdt til i fjellområda mellom Hordaland og Sogn og Fjordane, også kalt Stølsheimen. På denne turen skal me få inngåande kjennskap til bakgrunnen for opprettinga av Bjørn West, kva dei gjorde, kor dei var og resultatet.

 

Turbussen til RunWay tar deg i dag med utover til vakre Nordhordland. Etter at me starter i Bergen, blir fyrste stopp på Ostereidet Kro, der me tar ein kaffitår og kanskje noko å bite i. Så kjøyrer me vidare inn i fjordane. Ganske kort etter passering Romarheim får vi dei fyrste kjenningane til Bjørn West land. Me kjøyrer beinvegs til den litle bygda Matre som ligger i enda av Masfjorden. Her skal me vitja Bjørn West museet, og få ein grundig innføring i historia, inkl. film.

 

Dernest går turen opp i fjellet til sjølvaste Stordalen, som var hovudbasen til Bjørn West. Her er me på historisk grunn. Me skal her vitja Stordalen Fjellstove for ein god heimalaga middag med dessert til. Stordalen Fjellstove er eit tradisjonsrik fjellstove som har hatt det gåande i lange tider. Under krigen gifta blant anna ein av Bjørn West karane seg her i Bjørn West stova, og me skal ha samme middagen som han hadde i bryllaupet.

 

Vel mette på mat og historie vender me snuten heim mot Bergen. Men fyrst tar me turen over fjellet til Bjordalen og vakre Sognefjorden. Med spektakulære utsikt og fine fargar denne haustdagen. Dette vert ein historisk tur fylt av opplevninger.

 

Avreise: 1 dag Pris  1190,-

Grunnprisen inkluderar:

 

  • Busstur i moderne turbuss frå RunWay

  • Historisk guiding i Bjørn West land

  • Adgang til Bjørn West museet med omvisning og film

  • Middag ved Stordalen Fjellstove

  • Alle opplevninger som nevnt i programmet

bottom of page