Skip to main content

Industribyen Odda

Odda ligg inst i Sørfjorden i Hardanger. Ein stad me har køyrt forbi og gjort mindre stopp i. Dei siste åra har Odda gjennomgått ei stor forvandling – frå å vera ein tung industriby til å bli ein attraktiv turistdestinasjon. På denne turen skal me vitja Odda og verta betre kjent med området.

Me reiser frå Bergen tidleg om morgonen. Turen går via Voss, og vidare over Hardangerbrua før me startar ferda innover Sørfjorden og dei vakre bygdene rundt. Hardanger står i full blomstring i desse fine maidagane, og det er eit syn i seg sjølv. I Tyssedal gjer me vårt fyrste lengre stopp, der me vitjar industriarbeidarmuseet ved Tyssedal kraftverk. Her får me sjå og læra om den store industriutbygginga som fann stad i Tyssedal og Odda-området rundt førre hundreårsskiftet. Eit imponerande byggverk står att, og kan opplevast slik det var i full drift.

Me køyrer vidare inn til Odda sentrum, og opp til campingplassen til Lothepus, med den berømte stavkyrkja. Her får me ein god lunsj og høve til å sjå Oddas nye turistattraksjon. Etter lunsj køyrer me ned att til Odda sentrum for ein stopp, slik at me kan rusla litt rundt og sjå oss om. Tidleg på ettermiddagen set me kursen heimover gjennom Folgefonntunnelen og Jondalstunnelen, og tek ferja frå Jondal til Tørvikbygd. Om kvelden er me tilbake i Bergen, med friske inntrykk frå både gammal og ny tid i Hardanger.

Avreisedato:

Pris: 1590,-

Grunnprisen inkluderer:

• Reise i moderne turbuss fra RunWay

• Reiseleder og guide fra RunWay

• Omvisning i Tyssedal kraftverk med lokal guide

• Fin lunsj på Camp Lothepus

Sted På- og avstigning Avreisedato Hjemreise
Straume Terminal   08:30
Loddefjord Terminal   08:45
Bergen Busstasjon Perrong P 09:00
Åsane Terminal Perrong G 09:15

UtgåendeAvreisestedReisemålLedige plasserFra pris
20/5BusIndustribyen OddaMer enn 81 590,-Bestill